Nyheter

Kaninar for salg

26.06.2015 12:15
Då er det første kullet klart for salg. Kan brukast til kjøtt og kos. Dukka opp to angora i dette kullet, så viss nokon er interessert i slikt, så ta kontakt.

Ny kalkunhøne på plass

26.06.2015 12:14
Var så heldige at me fekk henta oss ei kalkunhøne med ein kylling i går. Trur nok Kalle kalkun blir fonøgd med ei til ho i flokken sin. Ho må venta litt før ho slepper ut til dei andre, ho får fokusera på kyllingen sin ei stund til framover.

Det piper og bzzzzer

08.04.2015 21:12
Heile 17 kyllingar har me gåande no. Og bifolket vårt surrer rundt og finner godsaker både her og der. Har og så smått starta å rydde området der andegården skal komme.

Klekking

26.03.2015 13:20
Dei første kyllingane har kommen til verda på Aasheim!

Det vårast!

19.03.2015 12:21
Våren er her og då er det på tide å vekke garden til liv igjen. Me er godt i gong. Biene har klart seg gjennom vinteren, kaninar er på plass og jammen meg har det ikkje dukka opp nokre kalkunar og. Rugemaskina durer og går og i løpet av april vil det nok vera høns på plass og. Endelig.

Det vart stilt

19.10.2014 18:20
I løpet av hausten har me hatt besøk av ulike rovdyr. Dette endte tilslutt med at det no er stilt på Aasheim. Alle høns og hanar er vekk. Me reknar med å få nye høns på plass utpå vårparten, men eventyret med Houdan er dessverre over. Det sørga måren for.

Våryre høns

30.04.2014 10:30
Etter litt fôr problemer, er eggene på plass igjen som før. Houdanane er skilt av og me kan snart sjå fram til å plukke egg frå desse og. Gledar oss til å få klekka ein gjeng. Vaktelegg er i maskina, så om 3 veker håpar me at det spretter rundt med små humler her.

Fôr problemer

26.03.2014 15:33
Me var lure og kjøpte fòr på den lokale fk butikken. Dessverre så kjem me ikkje til å kjøpa fk fôr meir. Både høns og vaktlar har meir eller mindre stoppa opp med egglegginga, så me får heller kjøpe i frå andre plassar.

Houdan egg

25.03.2014 12:27
Det dukkar opp egg no, men dei er framleis litt små. Dei ligger på rundt 50 g. Eg vil ha dei opp på 55 g ( som er minstevekta i følgje standaren) før eg samlar og legger i maskina. Hanane er i alle fall aktive, så befruktninga skulle sånn sett vera god.

Endeleg!

10.03.2014 10:34
I helga fann me det som sannsynligvis er dei første Houdan eggene. Dei blei skilt av frå resten av flokken i går kveld, så i løpet av nokre dagar finner me ut av det. Dersom dei no har starta, kan me samle inn reine egg om tre veker.
1 | 2 >>